...litt meir historie

Dette er litt om scener du kan få oppleva på Holsdagen.

 Blank- Ola:
Blank- Ola vart kalla så fordi han så å si alltid gjekk i bunad og hallingbunaden for karfolk har mange sylvknappar som blenkjer i sola – derfor bekk Ola tilnamnet Blank – Ola. Han heitte egentleg Ola Tolleifson Upsata, var fødd i Ål, men mor hans vart som enke gift til Øvremyro i Hol der han då vaks opp og er derfor ofte kalla Myreguten. Han vart tidleg kjent som ein kraftkar og gjekk sjeldan av vegen for ein slåsskamp som var den tids måte å vise at ein var noko til kar.
Han dreiv mykje som handelskar og for i den samanhengen mange gonger til Vestlandet (eller nordafør som dei sa før fordi Vestlandet låg mor nord etter deira måte å avnvise retningar på – oppover i dalen er nord). Her kom han eingong i ein duveleg slåsskamp på marknaden i Sogndal og drap i den kampen ein mann. Oppgjeret med futen vart noko spesielt, og det blir vist i dette tablået.
Blank – Ola er ellers ein kar mange oppdagar at dei er i slekt med fordi han var ein jentefut av dei store og fekk ein del ekstra ungar av den grunn omkring i bygdene. Han vart gift med Ragnhild Villand etterkvardt. På stølen Kløkk på HOlsåsen står det ein stein som tidlegare har lege nede og fungert som salgsstad for Blank  Ola  fordi han sat der og selde hestar. Steinen står like inntil den gamle Kyrkjevegen mellom Vats og Hol som i eldre tider hadde felles kyrkje i Hol gamle kyrkje.
Blank- Ola kan du oppleva på Holsdagen!

Torkjell Juven: Du har kanskje høyrt om Munckhausen . den tyske baronen som fortalte dei villaste historier om kva han hadde opplevd på sine reiser i Europa? I Ustedalen vest for Geilo budde for mange år sidan ein bonde som heitte Torkjell Juven. Han er det mange historier etter som viser at han også hadde ein frodig fantasi og var ein god forteljar. Men han kan også nesten sjåast på som ein visjonær kar også. Han fortalde lenge før nokon her oppe hadde høyrt om tog at det ville koma noko slikt gjennom Ustedalen i framtida og han drøymde som så mange andre også om å kunne flyge slik som han såg fuglane gjorde. Og han ikkje berre tenkte på det, han gjorde det også – det kan du oppleva å sjå på Holsdagen i eit av tablå som blir vist der år om anna.

Fanitullen: Jørgen Moe sitt dikt om det blodig bryllupet i Hemsedal har gjort denne soga kjent for mange. No er det slik at me her i Hol er sikre på at dette brylluppet sto i Hol, nærare bestemt på ein gard i Hovet og slett ikkje i Hemsedal – det er fri dikting som Jørgen Moe har nytta seg av…. Soga om det blodige brylluppet blir også vist som tablå på Holsdagen.

Tjuveri: Fram til langt ut på 1800 talet var fattigdomen så stor i landet vårt at svært mange måtte ty til tjuveri for rett og slett å overleva. Det var nauda som dreiv dei til tjuveri, ikkje suget etter å gjera noko gale. Men samfunnets straff og ikkje minst bygdelagets straff var hard. Av og til gjekk dei burgang – det vil si at dei gjekk frå gard til gard og undersøkte kvart einaste hus på alle gardar etter tjuvgods – og fann dei noko, så var vedkomande anten avstraffa der og då med slag og pisk eller han vart trekt til lensmannen og det han hadde fått med seg av mat, vart sjølsagt teke attende. Ei scene som viser eksempel på eit slikt tjuveri er ein del av Holsdagen.

Laurdagsfriing: Reglane for korleis gutar og jenter skulle oppføre seg i forhold til kvarandre var uhyre strenge i eldre tider. Dei var oppdregne på heilt ulike vis og når tida kom at dei tok til å vise interesse for kvarandre, var det strenge reglar for kva som kunne gjerast og ikkje gjerast, og stort sett var det ikkje lov å ha kontakt med ein av motsett kjønn så nokon såg det i alle fall. Jentene skulle gøyme håret slik at guten ikkje såg det (slik me i dag ser det i nokre framande kulturar), jenter og gutar kunne knapt prata med kvarandre når andre såg det og livsledsagaren var stort sett vald av mor og far eller slekta. Slike strikse reglar førte sjølsagt til at dei unge fann løysingar sjølve, og ei av løysingane var laurdagsfrieriet eller «nattløberi» som det vart kalla. Dette kunne utarte seg til mykje bråk og ståk og både prestestanden og øvrigheita ellers gjorde det dei kunne for å så slutt på dette som dei såg på som svært umoralsk og som ein stygg uskikk. Men slutt vart det ikkje før det vart lausare omgangsformer mellom gutar og jenter. Dette kan du også sjå meir om på Holsdagen